BlueDot sluttar med skulebesøk og blir Vitskapsdama

Det er vel 5 år sidan at eg starta den første turnéen langs skulane i Hjelmeland, Sauda, Suldal og Vindafjord og skulebesøk har alltid vært kjempestas for alle. Men eg fekk ein spennande og ny jobb som dessverre ikkje lar seg kombinere med framtidige skulebesøk.

Derfor blir det slutt på skulebesøk etter siste besøk i oktober og slutt på BlueDot. Men eg brenn fortsatt for kreativitet, teknologi og vitskap og er veldig opptatt av klimakrisen og korleis me kan hjelpe jorda vår. Så, eg skal halde fram på nettsida vitskapsdama.no med blogginnlegg om pirrande og kreative prosjekt og korleis me kan skape ei bærekraftig verd for alle.  

Takk for laget og eg vonar at du har lyst å følgje meg til min nye heim!

nettside vitskapsdama.no

Fargerik Science Circus turné i hausten 2018

BlueDot fekk moglegheit til ein ny runde med skulebesøk iallfall i løpet av hausten 2018. Tema blir «Verden er fargerik» og tilbyr fargerike aktivitetar til grunnskular i Hjelmeland, Sauda, Suldal og Vindafjord.

Ta gjerne kontakt for å bestille skulebesøk og hugs at me har begrensa plass, så førsteman til mølla!

Naturfag i Mellomtrinn – BlueDot style

Elektronikkopplegg på skuleSuldal kommune har satt av ekstra pengar til å styrke naturfag i mellomtrinnet og har spurt meg om eg kan organisere desse ekstra timane i samarbeid med Suldal skulane. Dette syns eg er berre gøy!

Så no har BlueDot og Suldal Kommune ein treårig avtale på plass om Naturfag i Mellomtrinnet (eller NiM, som eg liker å kalle prosjektet). Avtalen inneheld 2-4 dagar med besøk av BlueDot kvart skuleår til kvar skule og skapar moglegheit for lærerike og skreddarsydde prosjekt og aktivitetar. Aktuelle tema er teknologi, elektronikk, kjøkkenvitskap og koding.

Akkurat no er eg i ferd med planlegging av første runde og gleder meg veldig til å kome i gong med prosjektet!

 

BlueDot sin Science Circus turné

Då er Science Circus turnéen av BlueDot gjennomført for 2016. Eg har vært på besøk på 6 ungdomsskular i regionen med elektronikkopplegg, vitenshow og interaktiv utstilling og har møtt mange flotte ungdommar og lærarar!

Takk for at eg kunne kome på besøk og gleder meg til neste gong!

Smarte folk på Møgedalsmarknaden

2016-09-24-22-37-54Laurdag 1. oktober skal BlueDot for først gong ha ein stand på Møgedalsmarknaden på Sand. Der skal vi introdusere Smartlabsetts om Vannhjul og Vannturbinar. Smartlab er ein serie aktiviteitspakker som er utvikla, satt saman og testet av meg, Vitskapsdama Linda.  Det blir veldig spennande å sjå om folk syns at dette er noko kjekt for sine barn!

I tillegg har vi med ulike tankenøtter, 3D puslar og hjernespel, fordi hjernen treng trening, akkurat som kroppen din. Eg gleder meg å være der og vonar det er mange som har lyst å ta ein tur til Sand.