Skule-opplegg 2017

Bluedot samarbeider med Jærmuseet for å bringe Science Circus opplegg i kommunane Suldal, Sauda, Hjelmeland og Vindafjord. Science Circus er Jærmuseet sitt omreisande vitensenter på hjul.

Science Circus har som målsetting å pirra nysgjerrigheita og undringa til barn og ungdom innan naturvitskap og matematikk og prøver å stimulera alle delar av skulesamfunnet. Besøk til skulane består ofte av show, interaktive eksperiment i matematikk , naturfag og astronomi og undervisning av elevar. Science Circus held òg lærarkurs. Alle elementa er bygd opp etter hovudmåla i Kunnskapsløftet. Det pedagogiske grunnlaget er vitensenterpedagogikken.

 

Bluedot kan, i samarbeid med Science Circus, by på følgjande undervisningsopplegg:

  • Kul energi (45 min) 1-7 trinn
  • Leik med luft (45 min) 2-10 trinn
  • Newtons bil (60 min) 4-10 trinn
  • Over brua (90 min) 5-10 trinn
  • Lag ei LED-lykt (45 min) 7-10 trinn
  • Lag ei RGHB-lykt (90 min) 8-10 trinn
  • Bygg din eigen løgndetektor (90 min) 8-10 trinn