Elektronikkopplegg på skuleSuldal kommune har satt av ekstra pengar til å styrke naturfag i mellomtrinnet og har spurt meg om eg kan organisere desse ekstra timane i samarbeid med Suldal skulane. Dette syns eg er berre gøy!

Så no har BlueDot og Suldal Kommune ein treårig avtale på plass om Naturfag i Mellomtrinnet (eller NiM, som eg liker å kalle prosjektet). Avtalen inneheld 2-4 dagar med besøk av BlueDot kvart skuleår til kvar skule og skapar moglegheit for lærerike og skreddarsydde prosjekt og aktivitetar. Aktuelle tema er teknologi, elektronikk, kjøkkenvitskap og koding.

Akkurat no er eg i ferd med planlegging av første runde og gleder meg veldig til å kome i gong med prosjektet!