Naturfag i Mellomtrinn – BlueDot style

Elektronikkopplegg på skuleSuldal kommune har satt av ekstra pengar til å styrke naturfag i mellomtrinnet og har spurt meg om eg kan organisere desse ekstra timane i samarbeid med Suldal skulane. Dette syns eg er berre gøy!

Så no har BlueDot og Suldal Kommune ein treårig avtale på plass om Naturfag i Mellomtrinnet (eller NiM, som eg liker å kalle prosjektet). Avtalen inneheld 2-4 dagar med besøk av BlueDot kvart skuleår til kvar skule og skapar moglegheit for lærerike og skreddarsydde prosjekt og aktivitetar. Aktuelle tema er teknologi, elektronikk, kjøkkenvitskap og koding.

Akkurat no er eg i ferd med planlegging av første runde og gleder meg veldig til å kome i gong med prosjektet!

 

BlueDot sin Science Circus turné

Då er Science Circus turnéen av BlueDot gjennomført for 2016. Eg har vært på besøk på 6 ungdomsskular i regionen med elektronikkopplegg, vitenshow og interaktiv utstilling og har møtt mange flotte ungdommar og lærarar!

Takk for at eg kunne kome på besøk og gleder meg til neste gong!

Science Circus besøk 2016

SC newtons bil1Bluedot samarbeider med Jærmuseet, det regionale vitensenteret for Sørvestlandet, for å bringe Science Circus opplegg i nordaust Rogaland. Science Circus er eit omreisande vitensenter på hjul som besøker skular i heile Rogaland. Bluedot besøker grunnskular i kommunane Suldal, Sauda, Hjelmeland og Vindafjord med Science Circus opplegg i samarbeid med Jærmuseet.

Du kan finne aktuelle tilbod her. Science Circusbesøk kan bestillast gjennom Jærmuseet eller direkte hos Bluedot.

I hausten 2016 kan me tilby gratis Science Circus opplegg til ungdomsskular i Suldal, Sauda, Hjelmeland og Vindafjord. Besøk og opplegg er sponsa av Statnett og handlar om elektrisitet. Ta gjerne kontakt med oss ved førespurnad og interesse!

Science Circus tilbyr gratis lærarkurs

2014-09-18 13.25.41

Start det nye skuleåret inspirert med 2 gratis lærarkurs i naturfag for ungdomstrinnlærarar. Jærmuseet/Science Circus tilbyr desse kurs i løpet av i september 2016.

Kurs 1 heitar «leikande fysikk» og kurshaldaren er Chris Chiaverina frå USA. Dato: Tysdag 6. september, kl. 9-15. Språk på kurset er engelsk (sjølvsagt).

Kurs 2 handlar om raketteknologi i samarbeid med NAROM. Dato: Fredag 16. september, kl. 9-15.

Vitskapsdama har hatt kurs med Chris Chiaverina og har vært med på raketteknologikurs og må seie at dei var topp! Aktive og praktiske kurs og aktivitetar som ein kan bruke i klasserommet. Meir informasjon fins på nettsida til Science Circus. Meld deg på ved å sende epost til: sciencecircus@jaermuseet.no!

 

 

Lag ein aluminium turbin

Utstyr:

  • Folieform
  • Plastark
  • Trepinne
  • Limstift
  • Rettleiing og turbinmal
  • Saks
  • Tusj
  • Limpistol
  • Hobbykniv

Framgangsmåte:

  1. Klipp turbinmal og kopier mallinjer på plastarket.
  2. Klipp sirkelen ut plastarket og lim på folieforma med limstiften.
  3. Klipp på heiltrekta linjer og fold på stipla linjer.
  4. Lag eit liten hol med hobbykniv i sentrum av sirkelen og tre pinne gjennom til ca. halvveis.
  5. Bruk limpistol for å lime turbinen fast til trepinnen.
  6. Heng turbin i ei bøtte og bruk ein hageslange o.l. for å få turbin å snurre.