Fargerik Science Circus turné i hausten 2018

BlueDot fekk moglegheit til ein ny runde med skulebesøk iallfall i løpet av hausten 2018. Tema blir «Verden er fargerik» og tilbyr fargerike aktivitetar til grunnskular i Hjelmeland, Sauda, Suldal og Vindafjord.

Ta gjerne kontakt for å bestille skulebesøk og hugs at me har begrensa plass, så førsteman til mølla!

Naturfag i Mellomtrinn – BlueDot style

Elektronikkopplegg på skuleSuldal kommune har satt av ekstra pengar til å styrke naturfag i mellomtrinnet og har spurt meg om eg kan organisere desse ekstra timane i samarbeid med Suldal skulane. Dette syns eg er berre gøy!

Så no har BlueDot og Suldal Kommune ein treårig avtale på plass om Naturfag i Mellomtrinnet (eller NiM, som eg liker å kalle prosjektet). Avtalen inneheld 2-4 dagar med besøk av BlueDot kvart skuleår til kvar skule og skapar moglegheit for lærerike og skreddarsydde prosjekt og aktivitetar. Aktuelle tema er teknologi, elektronikk, kjøkkenvitskap og koding.

Akkurat no er eg i ferd med planlegging av første runde og gleder meg veldig til å kome i gong med prosjektet!

 

BlueDot sin Science Circus turné

Då er Science Circus turnéen av BlueDot gjennomført for 2016. Eg har vært på besøk på 6 ungdomsskular i regionen med elektronikkopplegg, vitenshow og interaktiv utstilling og har møtt mange flotte ungdommar og lærarar!

Takk for at eg kunne kome på besøk og gleder meg til neste gong!

Smarte folk på Møgedalsmarknaden

2016-09-24-22-37-54Laurdag 1. oktober skal BlueDot for først gong ha ein stand på Møgedalsmarknaden på Sand. Der skal vi introdusere Smartlabsetts om Vannhjul og Vannturbinar. Smartlab er ein serie aktiviteitspakker som er utvikla, satt saman og testet av meg, Vitskapsdama Linda.  Det blir veldig spennande å sjå om folk syns at dette er noko kjekt for sine barn!

I tillegg har vi med ulike tankenøtter, 3D puslar og hjernespel, fordi hjernen treng trening, akkurat som kroppen din. Eg gleder meg å være der og vonar det er mange som har lyst å ta ein tur til Sand.

Science Circus besøk 2016

SC newtons bil1Bluedot samarbeider med Jærmuseet, det regionale vitensenteret for Sørvestlandet, for å bringe Science Circus opplegg i nordaust Rogaland. Science Circus er eit omreisande vitensenter på hjul som besøker skular i heile Rogaland. Bluedot besøker grunnskular i kommunane Suldal, Sauda, Hjelmeland og Vindafjord med Science Circus opplegg i samarbeid med Jærmuseet.

Du kan finne aktuelle tilbod her. Science Circusbesøk kan bestillast gjennom Jærmuseet eller direkte hos Bluedot.

I hausten 2016 kan me tilby gratis Science Circus opplegg til ungdomsskular i Suldal, Sauda, Hjelmeland og Vindafjord. Besøk og opplegg er sponsa av Statnett og handlar om elektrisitet. Ta gjerne kontakt med oss ved førespurnad og interesse!